tysdag 2. august 2011
Tusen takk:)
Me har eit seiste ynskje, og det er bilete. Dersom de har nokre blinkskot frå hendingane her på Høgetveit er me veldig interessera i dei.
Nok ein gong, takk alle saman
torsdag 28. juli 2011
Program
Laurdag: vigsle i Skafså kyrkje kl 12.00
mottaking på Høgetveit frå 14.00
underhaldning på trevet 15.00
alle set seg til bords litt før 16.00
Sundag: frukost på Høgetveit 10.30
Då må alle ha ein rektig god tur, og så gler me oss til å sjå dykk alle. Det er berre og ta kontakt med meg (97156789) eller Lars (99242825) om det er noko de lurar på.
onsdag 27. juli 2011
tikk takk, tikk takk.......
Dersom du allereie no har ynskje og planer om å bidra med noko under middagen kan du seie i frå til Sigrun Høgetveit Berg på mobilnummer 977 16 120, det er ikkje noko krav om å seie i frå men det gjer planlegginga til toastmaterane litt lettare. Det er lov å ta ordet sjølv om ein ikkje har sagt i frå på førehand.
måndag 18. juli 2011
Været og klede
Det nærmar seg......
I går var me ein liten tur til Øyfjell der eg vart sminka - så no er brura klar!
No er me attende på Høgetveit der førebuingane held fram, det er mykje som endå må fiksast og ryddast. I tillegg må ein få bord, stolar, danseplatting, bar, mat og drikke i hus.
For dei som ikkje har studera kartet og dermed rekna ut avstandane her i Vest - Telemark, så kan me orientere om at dei som bur på Mjonøy må rekne ca 1 time til Skafså kyrkje medan dei som bur i Åmot må rekne ca 40 minutt. Attende til Høgetveit må ein rekne ca 50 minutt - det ligg mellom Åmot og Mjonøy. Tak av E - 134 mot Våmartveit, så ligg Høgetveit som fyrste garden på venstre side (fyrste vegen til venstre på Våmartveitvegen). Kart med vegskildring ligg under innlegget om Skafså kyrkje lagt ut i januar.
Dersom du kjem med buss og dermed ikkje har bil, må du sei til så skal me prøve å finne plass i andre bilar slik at du får med deg alt.
søndag 3. juli 2011
I underkant av 4 veker att
I gjår vart det ei lita pause i arbeidet, då både eg og Lars vart henta av forloverane våre! Lars var nok den som vart mest overraska - rett og slett tatt på senga (ikkje bokstaveleg tala!), medan eg nok hadde skjønt teikninga ein dag i forvegen. Dagen starta ved ein lavo i Øyfjell der me trefte eit lite knippe av våre gode vener. Har åt me frukost i lag og brur og brudgom konkurerte i diverse øvingar med og utan hjelp frå resten av selskapet. Etter ein betre lunsj, så skilde me lag: karane reiste til Dalen - der dei spela paintball og festa vidare. Me jentene vende snuten mot Mjonøy der Eirin (forlovaren) hadde leigd ei av dei store hyttene. Her kosa me oss med god mat og drikke og utpå kvelden vart stampen teke i bruk - litt kald i starten men den vart fort varm....
Alt i alt så er det ei særs fornøgd brur og ein sliten men fornøgd brudgom som kom heim til Høgetveit. Me må få takka forloverane Svein (med god hjelp av Tone) og Eirin for ein super dag og nått:)
I morgo er nok ein arbeidsdag, me kryssar fingane for at været held og at me kjem i gang med stlåtten her på Høgetveit. Ellers så held ryddinga fram og frysaren vert fylt med god mat.
måndag 27. juni 2011
Allergi
Bunaden og all pynten som brura skal ha er i boks og i morgo skal middagen spikrast.
I samband med at maten kjem på plass er det fint om dei som har allergiar av ulik grad seier i frå til meg på telefon: 971 56 789 eller e-post: sigrun.hoegetveit@gmail.com.
onsdag 15. juni 2011
Sigrun er vorte doktor
Tankane omkring gjestebodet er vorte lagt til side i den hektiske eksamensperioden, men Gommo på Høgetveit har organisert og arbeid i kullisene. Nå må også me få tankane mot den store dagen, då bør også aktiviteten her på bloggen auke.
søndag 24. april 2011
S.U 01.05.2011
Med påskas sluttt nærmar me oss også slutten på april måned. D.V.S under ei veke til svarfristen går ut. Me gledar oss til å få alle dei positive svara denne veka:)
torsdag 7. april 2011
Ynskjelister
Me nærmar oss påske og gler oss til å reise heim ein tur. No og då grublar me litt på bryllupet, og planane kjem på plass bit for bit. I kveld har me sett opp ynskjeliste.
Fyrst av alt ynskjer me oss:
-Fint ver
-God stemning
-Fullt dansegolv
Det er lagt inn ynskjelister hjå Glassmagasinet, Kitchn og Tilbords. Har lagt linker til desse under. Dersom de vert spurd om passord er dette: Høgetveit
Christiania glassmagasin: http://www.bryllupslisten.no/Guest/Index
Kitchn: https://www.kitchn.no/WishList.asp?Cat=140&wishListId=33038
Hjå sylvsmeden ynskjer me oss sylvtøy i serien Rådhus vifte:
-Gafflar 17,4 cm
-Små spiseskeier 17,4 cm
-Små spiseknivar med langt skaft 20,2 cm
-Annretningsgaffel 22,7 cm
-Annretningsskei 21,6 cm
-Jordepleskei 20,2 cm
-Sausause 17,4 cm
Me kan også tenke oss
-Stort tova rørospledd
-Ljosestakar for høge ljos
-Friluftutstyr slik som fiskeveske, slukar, ullklede deriblandt sokkar, skismørje er alltid topp
-Fine vasar
-Pengar, me sparar til eit stort måleri
-Vin, både raud og kvit er fin
måndag 21. februar 2011
Invitasjonane er i boks.
Her i Trondheim er me i full gang med treninga, dette er nødvendig for å koma inn i finstasen. Det er eit langsiktig mål - så me skal nok med litt opp og nedturar til slutt koma i mål. I kveld har me begge hatt kvar vår tur i skiløypa - og no tek Lars fram potetgullposen.......
Dersom de har spørsmål må de berre taka kontakt med ein av oss.
tysdag 18. januar 2011
Overnatting
Me anbefaller dykk å vere tidleg ute med å bestille overnatting. Det er fint om de gjev oss eit hint om kor de skal overnatte.
Groven camping
Her har me holdt av 5 store og 7 små hytter fram til 1 juni for våre gjester. Desse bestiller de direkte hjå Groven på telefonnummer 35071421. Ved tinging må de oppgi referanse: "Bryllup Høgetveit Teigen"
Denne campingen er lokalisert i Åmot sentrum ca ei mil frå Høgetveit i retning Oslo. På Groven finnas hytter av to storleikar og standardar. Store hytter med fem sengeplassar, eige kjøkken, bad og toalett. Små hytter med enkel standard, fire sengeplassar, hybelkjøkken samt tilgang på felles sanitæranlegg. Sjølvsagt kan ein også sove i telt eller campingvogn/-bil.
http://www.grovencamping.no/
Mjonøy Camping
Mjonøy ligg tett ved E134 ca ei mil frå Høgetveit i retning Bergen. Her kan ein sova i gamle hus henta til campingen frå lokale gardar. Hyttene er av forskjellig storleik og standard. Store med inntil ni sengeplassar og høg standard, små med inntill fire sengeplassar, enkel standard og felles sanitæranlegg
http://www.mjonoy.no/
Hyllandsfoss Camping
Hyllandsfoss ligg på ein liten avstikkar to km frå Åmot sentrum og ca tolv km frå Høgetveit. Her er også tilgang på større familiehytter med høg standard, og mindre hytter med felles sanitæranlegg. Informasjon finn du her.
http://www.eurocampings.net/no/europa/norge/telemark/hyllandsfoss-camping-112306/
Dalen Hotel
Dersom campinglivet ikkje er noko for deg er det også mogleg å ta inn på erverdige Dalen Hotel. Dalen ligg ca tre mil frå Høgetveit, men kun ei mil frå Skafså kyrkje.
http://www.dalenhotel.no/
På Dalen finnas også campingplass
http://www.dalencamping.com/
samt bed&breakfast
http://www.dalenbb.com/
Villcamping
Vest Telemark byr på mykje flott natur, har du telt eller eventuelt berre sovepose kan vilcamping vere alternativet for deg. Då kan du sjølv avgjere avstanden frå Høgetveit.
Sjekket veret for høgetveit:
http://www.yr.no/stad/Noreg/Telemark/Vinje/Høgetveit/langtidsvarsel.html
fredag 7. januar 2011
Skafså kyrkje
Vigsla finn stad i brudgommens heimtrakter, nærare bestemt Skafså kyrkje. Kyrkja vart vigsla i 1839, før det stod det her ei stavkyrkje. Ved kyrkjemuren står det ein gapestokk og ei steinmerr som vart nytta til offentleg avstraffing. Her er brudgommen konfirmert og barneskulen er næraste nabo. Då forlovaren til brudgommen fekk høyre om gjestebodsplanane, heiv han seg rundt og restaurera henne. Kyrkjeromet er med andre ord vindtett.
Avstanden frå Høgetveit til Skafså kyrkje er 37 km, her finn du reiseruta:
http://kart.finn.no/?lng=7.95459&lat=59.50956&tab=routeplanner&zoom=11&mapType=finnvector&activetab=routeplanner&waypoints=from%3AH%C3%B8getveit%4099329,6629925+to%3ASkafs%C3%A5%40103524,6606009
Dei som evt ikkje kjem med eigen bil må sei til, slik at me kan plassere dykk i andre bilar til og frå kyrkja.
Høgetveit
Nettside med oversikt over rutetidene til Haukeliekspressen: http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=180&Direction=T&Product=P1