Då har me vore sørafor i ei veke, me hadde nokre fine dagar i Skafså med bestefar (Dagfinn) før me reiste heim til Høgetveit laurdag. Her er mykje alt gjort, men det er framleis nok å gjere. I går hadde me ein varm dag, der me slo plen (som ikkje var slegen på ei stund....) og Einar fekk køyre traktor - han er i ferd med å verte som sin far; glad i traktor og anna som durar! Gommo og goffa (Kari og Øystein) har fiksa huskestativ til Einar, som vart montert i løpet av helga. Med andre ord her er fleire ballar i lufta samstundes.
Bunaden og all pynten som brura skal ha er i boks og i morgo skal middagen spikrast.
I samband med at maten kjem på plass er det fint om dei som har allergiar av ulik grad seier i frå til meg på telefon: 971 56 789 eller e-post: sigrun.hoegetveit@gmail.com.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar