Då er juli her - månaden me har venta på! Det er knapt 4 veker att til alt skal stå klart og festen kan byrje. Den seiste veka har det vore eit regnvær som ikkje har likna grisen - ute er det kliss vått og me har stort sett vore inne. Eg har baka kling (tradisjonell lefse steikt på takke), mor har baka rundstykker, medan Lars med god hjelp frå to drengar har rydda på trevet.
I gjår vart det ei lita pause i arbeidet, då både eg og Lars vart henta av forloverane våre! Lars var nok den som vart mest overraska - rett og slett tatt på senga (ikkje bokstaveleg tala!), medan eg nok hadde skjønt teikninga ein dag i forvegen. Dagen starta ved ein lavo i Øyfjell der me trefte eit lite knippe av våre gode vener. Har åt me frukost i lag og brur og brudgom konkurerte i diverse øvingar med og utan hjelp frå resten av selskapet. Etter ein betre lunsj, så skilde me lag: karane reiste til Dalen - der dei spela paintball og festa vidare. Me jentene vende snuten mot Mjonøy der Eirin (forlovaren) hadde leigd ei av dei store hyttene. Her kosa me oss med god mat og drikke og utpå kvelden vart stampen teke i bruk - litt kald i starten men den vart fort varm....
Alt i alt så er det ei særs fornøgd brur og ein sliten men fornøgd brudgom som kom heim til Høgetveit. Me må få takka forloverane Svein (med god hjelp av Tone) og Eirin for ein super dag og nått:)
I morgo er nok ein arbeidsdag, me kryssar fingane for at været held og at me kjem i gang med stlåtten her på Høgetveit. Ellers så held ryddinga fram og frysaren vert fylt med god mat.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar