måndag 18. juli 2011

Været og klede

Det har no regna i bøtter og spann, så me satsar på at det får tømt seg skikkeleg no på førehand slik at me får opphald neste veke. Treng nokre dagar slik at det turkar litt opp......Uansett så må ein ta høgde for at det kan bli vått og kaldt. Me har nok plass under tak til alle, men ein julikveld i Vinje kan verte kald. Her i veka hadde me 10 grader ein kveld. Eg veit det er nokon der ute som har planer om å byte frå bunad til kjole når middagen er ferdig - dette er opp til kvar enkelt, men brur og brudgom skiftar ikkje.

1 kommentar:

  1. Veldig bra melding, brur! Eg kan leggje til at fyritalskvinnene heller ikkje skiftar - og ingen av dei dei kjenner kjem heller til å gjera det...

    SvarSlett