Tida går fort no når det nærmar seg og alle detaljar skal på plass. I helga vart festlokalet ferdig etter nesten 4 år med planlegging og bygging. Rydding av trevet og i hus på garden nærmar seg slutten og då er det berre pyntinga att. Eg brettar serviettar og hefter på harde livet medan Lars har vore ute å rydda og snikkera.
Dersom du allereie no har ynskje og planer om å bidra med noko under middagen kan du seie i frå til Sigrun Høgetveit Berg på mobilnummer 977 16 120, det er ikkje noko krav om å seie i frå men det gjer planlegginga til toastmaterane litt lettare. Det er lov å ta ordet sjølv om ein ikkje har sagt i frå på førehand.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar