Då har me hatt ei veke fri frå ryddinga på Høgetveit, den har me nytta til å samle krefter til den seiste innspurten. Me har vore i Langesund til Kjersti (syster til Lars) og vore på hytta på Skafsåheii med nevøane til Lars. Det har vore nokre fine sommardagar og Einar har prøva badetemperatur både ved sjøen og i Skafså.
I går var me ein liten tur til Øyfjell der eg vart sminka - så no er brura klar!
No er me attende på Høgetveit der førebuingane held fram, det er mykje som endå må fiksast og ryddast. I tillegg må ein få bord, stolar, danseplatting, bar, mat og drikke i hus.
For dei som ikkje har studera kartet og dermed rekna ut avstandane her i Vest - Telemark, så kan me orientere om at dei som bur på Mjonøy må rekne ca 1 time til Skafså kyrkje medan dei som bur i Åmot må rekne ca 40 minutt. Attende til Høgetveit må ein rekne ca 50 minutt - det ligg mellom Åmot og Mjonøy. Tak av E - 134 mot Våmartveit, så ligg Høgetveit som fyrste garden på venstre side (fyrste vegen til venstre på Våmartveitvegen). Kart med vegskildring ligg under innlegget om Skafså kyrkje lagt ut i januar.
Dersom du kjem med buss og dermed ikkje har bil, må du sei til så skal me prøve å finne plass i andre bilar slik at du får med deg alt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar