fredag 7. januar 2011

Innleiing

Nyttårseftan 2009/2010 i måneskinet på Skjenuten vart det avgjordt; lat oss stelle til gjestebod. No er me i gang med førebuingane, gjestelista er nesten ferdig og invitasjonane er under utforming. Underhaldning er snart i boks, og me er i full gang med å utforme ein meny. Det er mykje som skal fiksast og tenkjast på når ein ber inn til gjestebod, og det vert ikkje mindre når ein vil ha gjestebodet heime på Høgetveit. Før den store dagen må det ryddast, plantast og pyntast. Det er godt ein har gode konsulentar = foreldre. For at helga skal verte vellykka, håpar me at så mange som råd har tid til å setje av ei heil helg for å feire i lag med oss. Fredag er ein fin sjanse for å varme opp og verte kjend med dei andre i gjestebodet. Her på denne sida vil me leggje ut informasjon av ulik nytteverdi utover våren og sommaren. Har du ellers spørsmål er det berre å ta kontakt på telefon eller e - post.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar