Vigsla finn stad i brudgommens heimtrakter, nærare bestemt Skafså kyrkje. Kyrkja vart vigsla i 1839, før det stod det her ei stavkyrkje. Ved kyrkjemuren står det ein gapestokk og ei steinmerr som vart nytta til offentleg avstraffing. Her er brudgommen konfirmert og barneskulen er næraste nabo. Då forlovaren til brudgommen fekk høyre om gjestebodsplanane, heiv han seg rundt og restaurera henne. Kyrkjeromet er med andre ord vindtett.
Avstanden frå Høgetveit til Skafså kyrkje er 37 km, her finn du reiseruta:
http://kart.finn.no/?lng=7.95459&lat=59.50956&tab=routeplanner&zoom=11&mapType=finnvector&activetab=routeplanner&waypoints=from%3AH%C3%B8getveit%4099329,6629925+to%3ASkafs%C3%A5%40103524,6606009
Dei som evt ikkje kjem med eigen bil må sei til, slik at me kan plassere dykk i andre bilar til og frå kyrkja.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar