For overnatting finnas det nokre alternativ, men i Vest Telemark vert avstandane fort store. På sjølve dagen vil me sørge for at det er tilgjengelig minibuss for å frakte gjestene tilbake til undernevnte overnattingstader. Dersom det er nokon som ikkje har tilgang på bil, men kjem med Haukeliekspressen skal me gjere vårt beste for å legge til rette slik at dykk alle kan vere med på dei forskjellige arrangementa.
Me anbefaller dykk å vere tidleg ute med å bestille overnatting. Det er fint om de gjev oss eit hint om kor de skal overnatte.
Groven camping
Her har me holdt av 5 store og 7 små hytter fram til 1 juni for våre gjester. Desse bestiller de direkte hjå Groven på telefonnummer 35071421. Ved tinging må de oppgi referanse: "Bryllup Høgetveit Teigen"
Denne campingen er lokalisert i Åmot sentrum ca ei mil frå Høgetveit i retning Oslo. På Groven finnas hytter av to storleikar og standardar. Store hytter med fem sengeplassar, eige kjøkken, bad og toalett. Små hytter med enkel standard, fire sengeplassar, hybelkjøkken samt tilgang på felles sanitæranlegg. Sjølvsagt kan ein også sove i telt eller campingvogn/-bil.
http://www.grovencamping.no/
Mjonøy Camping
Mjonøy ligg tett ved E134 ca ei mil frå Høgetveit i retning Bergen. Her kan ein sova i gamle hus henta til campingen frå lokale gardar. Hyttene er av forskjellig storleik og standard. Store med inntil ni sengeplassar og høg standard, små med inntill fire sengeplassar, enkel standard og felles sanitæranlegg
http://www.mjonoy.no/
Hyllandsfoss Camping
Hyllandsfoss ligg på ein liten avstikkar to km frå Åmot sentrum og ca tolv km frå Høgetveit. Her er også tilgang på større familiehytter med høg standard, og mindre hytter med felles sanitæranlegg. Informasjon finn du her.
http://www.eurocampings.net/no/europa/norge/telemark/hyllandsfoss-camping-112306/
Dalen Hotel
Dersom campinglivet ikkje er noko for deg er det også mogleg å ta inn på erverdige Dalen Hotel. Dalen ligg ca tre mil frå Høgetveit, men kun ei mil frå Skafså kyrkje.
http://www.dalenhotel.no/
På Dalen finnas også campingplass
http://www.dalencamping.com/
samt bed&breakfast
http://www.dalenbb.com/
Villcamping
Vest Telemark byr på mykje flott natur, har du telt eller eventuelt berre sovepose kan vilcamping vere alternativet for deg. Då kan du sjølv avgjere avstanden frå Høgetveit.
Sjekket veret for høgetveit:
http://www.yr.no/stad/Noreg/Telemark/Vinje/Høgetveit/langtidsvarsel.html
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar