tysdag 2. august 2011

Tusen takk:)

Tusen takk for ei trivleg helg:) fekk inntrykk av at alle kosa seg og hadde det moro alle dagane. Me er i vertfall godt fornøgde. Me fann sylv under dansegolvet, det er tegn på at det har vore moro. Skulle nokon savne dette må de ta kontakt. Det er snakk om to lauv/ ringar frå ei blank sye.
Me har eit seiste ynskje, og det er bilete. Dersom de har nokre blinkskot frå hendingane her på Høgetveit er me veldig interessera i dei.
Nok ein gong, takk alle saman

torsdag 28. juli 2011

Program

For dei som har mista, rota vekk eller gløymt att invitasjonen heime, her er programmet for helga: Fredag: grilling frå 19.00 og utover.
Laurdag: vigsle i Skafså kyrkje kl 12.00
              mottaking på Høgetveit frå 14.00
             underhaldning på trevet 15.00
             alle set seg til bords litt før 16.00
Sundag: frukost på Høgetveit 10.30

Då må alle ha ein rektig god tur, og så gler me oss til å sjå dykk alle. Det er berre og ta kontakt med meg (97156789) eller Lars (99242825) om det er noko de lurar på.

onsdag 27. juli 2011

tikk takk, tikk takk.......

Tida går fort no når det nærmar seg og alle detaljar skal på plass. I helga vart festlokalet ferdig etter nesten 4 år med planlegging og bygging. Rydding av trevet og i hus på garden nærmar seg slutten og då er det berre pyntinga att. Eg brettar serviettar og hefter på harde livet medan Lars har vore ute å rydda og snikkera.

Dersom du allereie no har ynskje og planer om å bidra med noko under middagen kan du seie i frå til Sigrun Høgetveit Berg på mobilnummer 977 16 120, det er ikkje noko krav om å seie i frå men det gjer planlegginga til toastmaterane litt lettare. Det er lov å ta ordet sjølv om ein ikkje har sagt i frå på førehand.

måndag 18. juli 2011

Været og klede

Det har no regna i bøtter og spann, så me satsar på at det får tømt seg skikkeleg no på førehand slik at me får opphald neste veke. Treng nokre dagar slik at det turkar litt opp......Uansett så må ein ta høgde for at det kan bli vått og kaldt. Me har nok plass under tak til alle, men ein julikveld i Vinje kan verte kald. Her i veka hadde me 10 grader ein kveld. Eg veit det er nokon der ute som har planer om å byte frå bunad til kjole når middagen er ferdig - dette er opp til kvar enkelt, men brur og brudgom skiftar ikkje.

Det nærmar seg......

Då har me hatt ei veke fri frå ryddinga på Høgetveit, den har me nytta til å samle krefter til den seiste innspurten. Me har vore i Langesund til Kjersti (syster til Lars) og vore på hytta på Skafsåheii med nevøane til Lars. Det har vore nokre fine sommardagar og Einar har prøva badetemperatur både ved sjøen og i Skafså.
I går var me ein liten tur til Øyfjell der eg vart sminka - så no er brura klar!
No er me attende på Høgetveit der førebuingane held fram, det er mykje som endå må fiksast og ryddast. I tillegg må ein få bord, stolar, danseplatting, bar, mat og drikke i hus.

For dei som ikkje har studera kartet og dermed rekna ut avstandane her i Vest - Telemark, så kan me orientere om at dei som bur på Mjonøy må rekne ca 1 time til Skafså kyrkje medan dei som bur i Åmot må rekne ca 40 minutt. Attende til Høgetveit må ein rekne ca 50 minutt - det ligg mellom Åmot og Mjonøy. Tak av E - 134 mot Våmartveit, så ligg Høgetveit som fyrste garden på venstre side (fyrste vegen til venstre på Våmartveitvegen). Kart med vegskildring ligg under innlegget om Skafså kyrkje lagt ut i januar.

Dersom du kjem med buss og dermed ikkje har bil, må du sei til så skal me prøve å finne plass i andre bilar slik at du får med deg alt.

søndag 3. juli 2011

I underkant av 4 veker att

Då er juli her - månaden me har venta på! Det er knapt 4 veker att til alt skal stå klart og festen kan byrje. Den seiste veka har det vore eit regnvær som ikkje har likna grisen - ute er det kliss vått og me har stort sett vore inne. Eg har baka kling (tradisjonell lefse steikt på takke), mor har baka rundstykker, medan Lars med god hjelp frå to drengar har rydda på trevet.
I gjår vart det ei lita pause i arbeidet, då både eg og Lars vart henta av forloverane våre! Lars var nok den som vart mest overraska - rett og slett tatt på senga (ikkje bokstaveleg tala!), medan eg nok hadde skjønt teikninga ein dag i forvegen. Dagen starta ved ein lavo i Øyfjell der me trefte eit lite knippe av våre gode vener. Har åt me frukost i lag og brur og brudgom konkurerte i diverse øvingar med og utan hjelp frå resten av selskapet. Etter ein betre lunsj, så skilde me lag: karane reiste til Dalen - der dei spela paintball og festa vidare. Me jentene vende snuten mot Mjonøy der Eirin (forlovaren) hadde leigd ei av dei store hyttene. Her kosa me oss med god mat og drikke og utpå kvelden vart stampen teke i bruk - litt kald i starten men den vart fort varm....
Alt i alt så er det ei særs fornøgd brur og ein sliten men fornøgd brudgom som kom heim til Høgetveit. Me må få takka forloverane Svein (med god hjelp av Tone) og Eirin for ein super dag og nått:)
I morgo er nok ein arbeidsdag, me kryssar fingane for at været held og at me kjem i gang med stlåtten her på Høgetveit. Ellers så held ryddinga fram og frysaren vert fylt med god mat.

måndag 27. juni 2011

Allergi

Då har me vore sørafor i ei veke, me hadde nokre fine dagar i Skafså med bestefar (Dagfinn) før me reiste heim til Høgetveit laurdag. Her er mykje alt gjort, men det er framleis nok å gjere. I går hadde me ein varm dag, der me slo plen (som ikkje var slegen på ei stund....) og Einar fekk køyre traktor - han er i ferd med å verte som sin far; glad i traktor og anna som durar! Gommo og goffa (Kari og Øystein) har fiksa huskestativ til Einar, som vart montert i løpet av helga. Med andre ord her er fleire ballar i lufta samstundes.
Bunaden og all pynten som brura skal ha er i boks og i morgo skal middagen spikrast.
I samband med at maten kjem på plass er det fint om dei som har allergiar av ulik grad seier i frå til meg på telefon: 971 56 789 eller e-post: sigrun.hoegetveit@gmail.com.