For overnatting finnas det nokre alternativ, men i Vest Telemark vert avstandane fort store. På sjølve dagen vil me sørge for at det er tilgjengelig minibuss for å frakte gjestene tilbake til undernevnte overnattingstader. Dersom det er nokon som ikkje har tilgang på bil, men kjem med Haukeliekspressen skal me gjere vårt beste for å legge til rette slik at dykk alle kan vere med på dei forskjellige arrangementa.
Me anbefaller dykk å vere tidleg ute med å bestille overnatting. Det er fint om de gjev oss eit hint om kor de skal overnatte.
Groven camping
Her har me holdt av 5 store og 7 små hytter fram til 1 juni for våre gjester. Desse bestiller de direkte hjå Groven på telefonnummer 35071421. Ved tinging må de oppgi referanse: "Bryllup Høgetveit Teigen"
Denne campingen er lokalisert i Åmot sentrum ca ei mil frå Høgetveit i retning Oslo. På Groven finnas hytter av to storleikar og standardar. Store hytter med fem sengeplassar, eige kjøkken, bad og toalett. Små hytter med enkel standard, fire sengeplassar, hybelkjøkken samt tilgang på felles sanitæranlegg. Sjølvsagt kan ein også sove i telt eller campingvogn/-bil.
http://www.grovencamping.no/
Mjonøy Camping
Mjonøy ligg tett ved E134 ca ei mil frå Høgetveit i retning Bergen. Her kan ein sova i gamle hus henta til campingen frå lokale gardar. Hyttene er av forskjellig storleik og standard. Store med inntil ni sengeplassar og høg standard, små med inntill fire sengeplassar, enkel standard og felles sanitæranlegg
http://www.mjonoy.no/
Hyllandsfoss Camping
Hyllandsfoss ligg på ein liten avstikkar to km frå Åmot sentrum og ca tolv km frå Høgetveit. Her er også tilgang på større familiehytter med høg standard, og mindre hytter med felles sanitæranlegg. Informasjon finn du her.
http://www.eurocampings.net/no/europa/norge/telemark/hyllandsfoss-camping-112306/
Dalen Hotel
Dersom campinglivet ikkje er noko for deg er det også mogleg å ta inn på erverdige Dalen Hotel. Dalen ligg ca tre mil frå Høgetveit, men kun ei mil frå Skafså kyrkje.
http://www.dalenhotel.no/
På Dalen finnas også campingplass
http://www.dalencamping.com/
samt bed&breakfast
http://www.dalenbb.com/
Villcamping
Vest Telemark byr på mykje flott natur, har du telt eller eventuelt berre sovepose kan vilcamping vere alternativet for deg. Då kan du sjølv avgjere avstanden frå Høgetveit.
Sjekket veret for høgetveit:
http://www.yr.no/stad/Noreg/Telemark/Vinje/Høgetveit/langtidsvarsel.html
tysdag 18. januar 2011
fredag 7. januar 2011
Skafså kyrkje
Vigsla finn stad i brudgommens heimtrakter, nærare bestemt Skafså kyrkje. Kyrkja vart vigsla i 1839, før det stod det her ei stavkyrkje. Ved kyrkjemuren står det ein gapestokk og ei steinmerr som vart nytta til offentleg avstraffing. Her er brudgommen konfirmert og barneskulen er næraste nabo. Då forlovaren til brudgommen fekk høyre om gjestebodsplanane, heiv han seg rundt og restaurera henne. Kyrkjeromet er med andre ord vindtett.
Avstanden frå Høgetveit til Skafså kyrkje er 37 km, her finn du reiseruta:
http://kart.finn.no/?lng=7.95459&lat=59.50956&tab=routeplanner&zoom=11&mapType=finnvector&activetab=routeplanner&waypoints=from%3AH%C3%B8getveit%4099329,6629925+to%3ASkafs%C3%A5%40103524,6606009
Dei som evt ikkje kjem med eigen bil må sei til, slik at me kan plassere dykk i andre bilar til og frå kyrkja.
Høgetveit
Gjestebodet vil finne stad på Høgetveit, heimgarden til brura. Garden ligg i ei lita grend, Bøgrend, i Vinje kommune, heilt vest i Telemark. For å finne vegen hit må du koma deg inn på E - 134 som går mellom Drammen og Haugesund, eventuelt setje deg på Haukeliekspressen. Då brura var lita budde det tri generasjonar Høgetveit her, i dag bur far og mor her i lag med eit par kattar og omkring 100 vinterfora sau.
Nettside med oversikt over rutetidene til Haukeliekspressen: http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=180&Direction=T&Product=P1
Nettside med oversikt over rutetidene til Haukeliekspressen: http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=180&Direction=T&Product=P1
Innleiing
Nyttårseftan 2009/2010 i måneskinet på Skjenuten vart det avgjordt; lat oss stelle til gjestebod. No er me i gang med førebuingane, gjestelista er nesten ferdig og invitasjonane er under utforming. Underhaldning er snart i boks, og me er i full gang med å utforme ein meny. Det er mykje som skal fiksast og tenkjast på når ein ber inn til gjestebod, og det vert ikkje mindre når ein vil ha gjestebodet heime på Høgetveit. Før den store dagen må det ryddast, plantast og pyntast. Det er godt ein har gode konsulentar = foreldre. For at helga skal verte vellykka, håpar me at så mange som råd har tid til å setje av ei heil helg for å feire i lag med oss. Fredag er ein fin sjanse for å varme opp og verte kjend med dei andre i gjestebodet. Her på denne sida vil me leggje ut informasjon av ulik nytteverdi utover våren og sommaren. Har du ellers spørsmål er det berre å ta kontakt på telefon eller e - post.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)