Då har me vore sørafor i ei veke, me hadde nokre fine dagar i Skafså med bestefar (Dagfinn) før me reiste heim til Høgetveit laurdag. Her er mykje alt gjort, men det er framleis nok å gjere. I går hadde me ein varm dag, der me slo plen (som ikkje var slegen på ei stund....) og Einar fekk køyre traktor - han er i ferd med å verte som sin far; glad i traktor og anna som durar! Gommo og goffa (Kari og Øystein) har fiksa huskestativ til Einar, som vart montert i løpet av helga. Med andre ord her er fleire ballar i lufta samstundes.
Bunaden og all pynten som brura skal ha er i boks og i morgo skal middagen spikrast.
I samband med at maten kjem på plass er det fint om dei som har allergiar av ulik grad seier i frå til meg på telefon: 971 56 789 eller e-post: sigrun.hoegetveit@gmail.com.
måndag 27. juni 2011
onsdag 15. juni 2011
Sigrun er vorte doktor
Jippi, Sigrun er no ferdig på skulen. Her i Trondheim har tida etter påske vore prega av eksamenslesing, men onsdag 8.juni var det offisielt. Alle eksamenane var bestått. Einar og far er kjempeglade for at mor kan vere heime med oss. Dagane etter eksamen har me nytta i Sverige, blandt anna besøkt "Kungen", og settt på Vasa. Me nytta også høvet til å forklare Einar at me skal gifte oss, dette var hans reaksjon:
Tankane omkring gjestebodet er vorte lagt til side i den hektiske eksamensperioden, men Gommo på Høgetveit har organisert og arbeid i kullisene. Nå må også me få tankane mot den store dagen, då bør også aktiviteten her på bloggen auke.
Tankane omkring gjestebodet er vorte lagt til side i den hektiske eksamensperioden, men Gommo på Høgetveit har organisert og arbeid i kullisene. Nå må også me få tankane mot den store dagen, då bør også aktiviteten her på bloggen auke.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)